Øvingskveldar/tysdagsdans

Tysdagar kl. 19.0021.45

Øvingskveldane er opne for alle som vil danse folkedans. Kom gjerne åleine!

Vi har både turdans, songdans, bygdedans og gammaldans på programmet.
Og ein del dansar frå dei andre nordiske landa.

For kvart halvår har vi liste over dansar vi skal leggje særleg vekt på.
Lista for vårhalvåret 2019 finn du her.

Dansepengar: kr 20. pr. kveld

I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein halvtime kaffi- og pratepause.
Kaffi og noko attåt syter medlemene for på omgang, sjå “Kaffilista“.

Dei vanlege øvingane i vårhalvåret tar til i starten av januar, og held på til litt ut i juni.
Hausthalvåret går frå slutten av august til litt ut i desember.
Detaljert plan i aktivitetskalenderen.

Vi øver i Halli, Nordahl Brunsgate 22 i Oslo
Øvingstid: Kl. 19.00 – 21.45

Velkomen single og par til lærerik og sosial folkedansaktivitet!