Leikfestar og andre spesielt interessante folkedansarrangement

Laurdag 25. november 2023
Stordanskveld i Hamar
Arr: Folkedanslaget Sølja
Meir info

Laurdag 13. januar 2024
Jubileumsleikfest BUL Kongsberg
Arr: BUL Kongsberg
Meir info

Laurdag 20. januar 2024
Dansefest i Gjerdrum Kulturhus
Arr: Byttomfoten runddanslag
Meir info

Laurdag 27. januar 2024
Leikfest i Greåker
Arr: BUL Sarpsborg
Meir info

Laurdag 13. april 2024
Leikfest på Ås, Frøy 100 år!

Leikarringen Frøy fyller 100 år i 2024🥳 Det å fylle 100 år som studentforening er ikkje noko vi tek lett på, og det skal på ingen måte gå upåakta hen.

Kva passar då betre enn å gjenopplive den store Leikfesten på Ås frå fordums tid?
Programmet er ikkje fastsett endå, men det skal bli både middag, kaker, gammaldans, turdans, songdans, bygdedans og kanskje til og med klubbstemning mot dei seine nattetimar. Festen skal treffe breitt og vi ynskje å invitere alle som kan gå og danse i heile det ganske land, og derfor håpar vi denne mailen når ut til alle dansarar og danselag frå sør til nord.

Kvelden føreåt, altså fredag 12. april, set vi også opp ei revyforestilling saman med Flatlusa og Budeieforeninga, med prima underhaldningsverdi, og på dagtid laurdag vert det meir jubileumsprogram. Set difor gjerne av heile helga til ei Ås-hending for historiebøkene.

Informasjon om påmelding, logistikk og program kjem når det nærmar seg. Det blir rift om plassane, så her kan ein ikkje sove i timen.

Velkomne til Ås, og til den største leikfesten dette hundreåret har sett!

PS.:   Lenkje til Facebook-arrangementet

Beste helsing
Ida Løken, Åsmund Tunheim og resten av styret i Frøy

Andre folkedans- og folkemusikklenker

Folkedanskveldar i Nordahl Bruns gate 22.

Riksscenen – Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans.
NB! Folkelarm 16. – 19.11.23. Meir infor her

Danserettleiing (folkedans.com)   – Mange musikkdansar, mest norske og nordiske. Rettleiing også til mange songdansar.