60-årsjubileum på Klækken 11. oktober 2014

Laget (Sogn og Fjordanelaget) spanderte denne flotte kaka

Ankomst laurdag til lunch, deretter oppfriskingskurs før festen starta med velkomst kl. 18, bordsete kl 18:30 og deretter dans, kaffi og kaker og meir dans. Ein svært vellukka fest! Festdeltakarane var ei herleg blanding av aktive medlemmer og dansarar som ikkje hadde vore aktive i Ringen på fleire ti-år. Slik blanding blir det mykje god mimring av.
Stor takk til komitéen: Marit, Anne-Tove, Ingeborg, Tone og Aksel. Anne-Tove gjorde også ein fin jobb som kjøkemeister/festleiar. Stor takk også til Dagfinn, som hadde ansvaret for oppfriskingkurset på dagen, og leia dansen på festen. Musikken var også av beste slag med Solvor i spissen. I dette høve hadde ho fått med seg Terje Amundsen på trekkspel og Benjamin Kehlet på fele.

Her er inntrykk/referat av Finn Stafsnes.

Foto: Tone Eid ©: