Om oss

Leikarringen vart skipa i 1954 av innflyttarar til Oslo frå Sogn og Fjordane; av medlemer frå Sognelaget i Oslo, Sunnfjordlaget i Oslo og Nordfjordlaget i Oslo.

I 1987 vart desse 3 laga slått saman til eitt lag: Sogn og Fjordanelaget i Oslo.
I Sogn og Fjordaneringen er det i dag med dansarar frå heile landet og vel så det.

I 2004 feira vi 50-årsjubileum. Då vart det gitt ut ei jubileumsbok om dei fyrste 50 åra. Nokre av dei nyare tilskipingane finn du i minneboka vår.