Øvingskveldar/tysdagsdans

Tysdagar kl. 19.0021.45

Øvingskveldane er opne for alle som vil danse folkedans. Kom gjerne åleine!

Vi har både turdans, songdans, bygdedans og gammaldans på programmet.
Og ein del dansar frå dei andre nordiske landa.

For kvart halvår har vi ein del dansar som vi kallar kjernerepertoar.
Dette er dansar som vi skal leggje særleg vekt på.

I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein halvtime pratepause.

Dei vanlege øvingane i vårhalvåret tar til i starten av januar, og held på til litt ut i juni.
Hausthalvåret går frå slutten av august til litt ut i desember.
Detaljert plan i aktivitetskalenderen.

Vi øver i Halli, Nordahl Brunsgate 22 i Oslo
Øvingstid: Kl. 19.00 – 21.45

Velkomen single og par til lærerik og sosial folkedansaktivitet!