Kurs i springar frå Indre Sogn 2013
Sogn og Fjordaneringen arrangerte tysdag 5. og 12. november kurs i «Springar frå Indre Sogn» i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo.
Vi var så heldige å få hit kappleikdansarane Bjørg og Kjell Berge, busett på Stranda på Sunnmøre, samt felespelarane Atle Haugen frå Årdal og Arild Langseth frå Oslo, som begge to spelar i Huldraleiken Hardingfelelag i Oslo.
Det vart eit svært vellukka kurs med i alt 21 lærevillige dansarar. Vestlandsmusikken og dansen er så fin. Vi vil prøve og halde denne dansen ved like. Instruktørar og musikarar vil komme tilbake i tematimen.
Det er hyggeleg å sjå at bygdedansen er populær i de forskjellige laga i Bygdelagshuset.
Tekst: Tone Eid