Kurs i springar frå Indre Sogn 2013

Frå høgre framme: Instruktørane Bjørg og Kjell Berge, felespelarane Atle Haugen og Arild Langseth. Frå høyre bak: Dagfinn Aa, Tone Eid, Randi Solheim, Øystein Tjore, Oskar Jahnsen, Astrid Hunderi, Petter Andersen, Rannveig Vinjum Nes, Oddbjørg Stave, Ingeborg Fagnastøl, Svein Aasen, Heidi Garberg Gule, Nils Hallanger, Solveig Næss, Finn Stafsnes, Axel Bugge, Olav Kvam, Berit Aamodt og vår faste spelekvinne Solvor Sundsbø. Foto: Tone Eid ©

Sogn og Fjordaneringen arrangerte tysdag 5. og 12. november kurs i «Springar frå Indre Sogn» i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo.

Vi var så heldige å få hit kappleikdansarane Bjørg og Kjell Berge, busett på Stranda på Sunnmøre, samt felespelarane Atle Haugen frå Årdal og Arild Langseth frå Oslo, som begge to spelar i Huldraleiken Hardingfelelag i Oslo.

Det vart eit svært vellukka kurs med i alt 21 lærevillige dansarar. Vestlandsmusikken og dansen er så fin. Vi vil prøve og halde denne dansen ved like. Instruktørar og musikarar vil komme tilbake i tematimen.

Det er hyggeleg å sjå at bygdedansen er populær i de forskjellige laga i Bygdelagshuset.

Tekst: Tone Eid