Sogn og Fjordaneringen på tur til Stavanger og Arne Garborgs rike i 2013

Initiativtakar og reiseleiar Bo ved sida av stein-skulpturen av Garborg i Knudaheio. Foto: Tone Eid ©

Bo Carlin sto for planlegging, arrangement og omvising. Det vart ein innhaldsrik og interessant helgetur 18. – 20. oktober. Bo, som har jobba i oljebransjen i omlag 20 år, ga oss ei bra innføring i «oljeeventyret» frå første til sist bygde plattform.

Vi besøkte Domkyrkja frå 1120-talet og spaserte i gamlebyen der det fortsatt blomstra. Deretter køyrde Bo oss ein runde på Jæren. Vi såg «Tre sverd i fjell», minnesmerket etter slaget i Hafrsfjord. Historia fortel at det var her Harald Hårfagre samla Norge til eit kongerike i år 872. Vi såg Garborgheimen og diktarstova «Knudaheio».

Laurdagskvelden hadde Bo invitert BUL Stavanger til eit lite kurs i svenske polskor. Dagfinn instruerte og det vart ein hyggelig dansekveld.

Tekst: Tone Eid

Her er nokre bilde:
Foto: Tone Eid © og Dagfinn Aa ©