Sunnfjordhytta

Sunnfjordhytta

Sunnfjordhytta er ei koseleg lita tømmerhytte som ligg i Lillomarka ved Sinober i Nittedal kommune. Ho ligg i skogen like sør for Ormetjern, med strandlinje. Det er fint å gå på ski om vinteren og godt med bær og sopp sommar og haust.
Det er skogsbilveg frå Skøyen i Nittedal til Sinober. Derfrå er det omlag 500 m langs stien til hytta. Det er litt motbakke, men likevel tar ikkje spaserturen frå Skøyen meir enn omlag tre kvarter.
Du kan også gå stien frå Snippen i Maridalen. Denne spaserturen er litt lengre, men mindre bratt, og tar vanlegvis ca ein time. Det same gjeld dersom du tek toget til Movatn og går derifrå.
Om vinteren er det også fint å gå på ski frå Snippen, Movatn eller frå Kjelsås.
Eigedomen er på over 40 mål.

Hytta har to hemsar med plass til 10-12 personar, men ingen soverom. Hytta har innlagt straum. Vatn i brønn like ved hytta.
Hausten 2014 vart hytta gjenopna etter tre år med ombygging. Det er no nytt kjøken med spiseplass, og nytt inngangsparti med garderobe og do/vaskerom.

Utleigekontakt:
Andor Gjelsvik
andorgj@online.no