Spelemannslaget Kveik

Dette skriv Kveik (tidlegare Go’laget) om seg sjølv:
Kveik er ein avleggar av studentspelmannslaget Flatlusa ved universitetet på Ås. Fire av oss er frå dette laget og har endeleg etter snart 40 år skjøna at vi ikkje er studentar lenger. Det var på tide å starte eit seniorlag. Vi fire er:
Birgitte Henriksen – fele
Harald Støkken – fele
Yngve Rekdal – fele
Terje Amundsen – trekkspel
I tillegg har vi fått med oss Thomas Andre Eid – fele, som også er utdanna frå Ås og har spela i ulike lag. I blant får vi assistanse av Harald Velsand på kontrabass. Han var med og starta Flatlusa i 1979. Musikalsk leiar er Terje Amundsen. Da vi er frå ulike deler av landet har vi eit vidt reportoar med gamaldans frå ulike landsdelar. Vi kan også slå til med meir «moderne rytmar» som tango og sving dersom det er ønskjeleg.