Sommaravslutning 4. juni 2019

Fine, pynta bord i Halli denne kvelden, og kveldens kjøkemeister (og komitémedlem) Alv Reidar Dale ønskte velkomen. Så var festen i gang.

Kvelden starta med ei danseøkt til musikk av Solvor, som denne kvelden hadde fått med seg vossingen Terje Amundsen på trekkspel. Deretter var det matøkt. Det  har blitt tradisjon med salatbord på sommaravslutninga, slik også denne kvelden.  Deretter ny danseøkt før kaffipause med nydelege kaker, m.a. Helge si «verdens beste» og Rannveig sine nydelege sveler. Under kaffien fekk vi Vossastubbar meisterleg framført av kjøkemeister Alv Reidar. Fungerande leiar Marit takka spelekvinne Solvor og instruktør Dagfinn for vel utført arbeid gjennom danseåret.  Ho takka også resten av styret for godt og triveleg samarbeid i styret.

Kvelden vart avslutta med ei danseøkt leia av Kjell Klausen. Ca 40 hadde møtt fram på denne avslutningskvelden. Ekstra hyggeleg var det å møte nokre som vi ikkje ser så ofte på tysdagskveldane.

Takk for ein fin kveld!
Ekstra stor takk til komitéen: Ragnhild Slyngstad, Wenche Vaagland, Rannveig Vinjum Nes, Kjell Klausen, Alv Reidar Dale, Helge Veum
(Bilde av komitéen under)

Her er nokre bilde:
Tekst og foto: Dagfinn Aa ©, nokre foto av Tone Eid ©