Røros-leken 2013

Dei Røros-reisande frå Oslo samla før heimferda. Foto: Alv Reidar Dale ©

Helga 3.-5. mai gjorde 25-30 stykke frå Sogn og Fjordaneringen og -laget – og nokre nærskylde – turen til Røros, som i fjor, og like vellukka var det. Største æra for det skal Svein Aasen ha. Han organiserte heile opplegget og hadde ein stor jobb med å få tur- og overnattingskabalen til å gå opp!

I år som i fjor hadde me Hogne Tellnes som sjåfør på Valdresbussen til Røros. Og han hadde med seg både dottera Marte og kona Bjørg, som saman med Edvin Øen, Hilde Tannum og Thor Hauknes sytte for levande musikk på turen både opp og ned. Dei vart døypte «Baksetelaget» undervegs.

Fredagskvelden me kom opp, tok me inn på Ertzscheidergaarden. eit særs triveleg gammalt hotell, og fekk ein makelaust god middag, elghakk, før det bar på dans, mest pols, til musikk frå Småviltlaget, ein god start på helga.

Laurdagen vart det handla litt og dagdansa i Sangerhuset. Om kvelden gjekk den store, klassiske leikfesten av stabelen i samfunnshuset på Glåmos. Med full middag, allsongar, allslags leikarringdans og musikk av Grenselaget. Og eit kakebord som stiller sjølv det flottaste brudlaup i skuggen. Og sundagen var det dagdans att i Sangerhuset, til me tok på heimveg.

Tekst: Alv Reidar Dale