Rekeselskap med dramatisk redningsaksjon på Nordfjordhytta 30. – 31. mai

Nordfjordhytta

Dette vart ein dramatisk kveld som deltakarane vil hugse. Etter eit hugnadsamt måltid måtte Astrid ut for ein blås. Der høyrde ho hjarteskjerande rop om hjelp. Ropa gjentok seg hyppig. Sjølv om det var langt unna, var det ikkje vanskeleg å oppfatte at det var rop om hjelp.

Klokka var litt over midnatt, så det var blitt ganske mørkt. Utstyrt med lommelykter, gav vi oss straks i veg i den retning ropa kom frå. Ropa vart tydelegare etter nærare vi kom. Vi oppfatta etter kvart at det var ei jentestemme. Framleis eit godt stykke unna gav vi oss til kjenne. Jenta bekrefta tydeleg at ho trengte hjelp. Vi visste ingen ting om kva som ville møte oss når vi gjekk opp (på ein kolle) til jenta. Kanskje kunne der vere fleire? Kanskje var det noko kriminelt som hadde skjedd?

Underteikna gjekk fram til jenta med forsikring om at vi var komne for å hjelpe. Det som møtte meg var ei gråtande, fortvila, redd, frosen og skjelvande jente. På ingen måte kledd for å vere ute i skogen om natta. Ho kasta seg om halsen på meg og hulkegret. Medan vi stor der, snakka eg både med politiet og redningssentralen. Det var sett i gang leiteaksjon. Heldigvis hadde Anne-Lise bil på skogsvegen som går til Lommedalen. Etter avtale med politiet, køyrde Anne-Lise jenta ned til Lommedalsvegen. Der venta både politi, redningsmannskap og, ikkje minst, far til jenta.

Den dramatiske hendinga vart naturlegvis samtaletema etter at vi var vel tilbake i hytta, og kunne roe oss ned med ein skarp i glaset. Den dag i dag veit vi ikkje kva som førte jenta opp i dette ulendte skogsområdet, eit godt stykke frå skogsvegen, men vi har spekulert mykje. Heldigvis gjekk det godt. Kanskje fordi Astrid måtte ha seg ein røyk. Aldri så gale….

Tekst: Dagfinn Aa

Etterord april 2019
Snart fire år etter denne dramatiske hendinga, er den like gåtefull. Vi får truleg aldri svar. Hendinga er framleis samtaletema når vi møtest på hytta.