Rekeparty på Nordfjordhytta

23–24 mai 2020

Frå eit tidlegare rekeparty

Nå kan vi vere inntil 20 personar på hytta!
Kjekt å kunne ha litt sosial kontakt igjen.
I tråd med årelang tradisjon, er det derfor gledeleg å kunne invitere til rekeselskap med god mat og drikke og prat også i år.
Ta med reker og høveleg drikke til festmåltid laurdagskvelden kl. 19.
Ta også med litt frukostmat til lang felles frukost søndag.
Vel møtt på hytta!

NB! Gjeldande smittevernreglar gjeld naturlegvis også på hytta.

Helsing Astrid Gjørven og Dagfinn Aa