Rekeparty på Nordfjordhytta 29. mai 2021

Klare for festmåltid. Frå venstre: Randi, Ingeborg, Yngvar, Per, Asta, Anne-Lise, Marit

Strålande sommarver over Eineåsen denne helga, og liljekonvall i bløming. Finare kunne knapt ramma rundt rekeselskapet bli. Ein av deltakarane var så ivrig på å komme til selskapet at vedkomande møtte opp kvelden før! Lurt å vere ute i god tid…

Dagen starta med transport av 8 stolar til hytta. Dette var stolar frå Storsalen i Nordahl Brunsgt. som BLS hadde sjalta ut. Mange av dei var fullgode til gjenbruk. Anny og Oddvar hadde i vinter plukka ut 8 stolar for bruk på Nordfjordhytta. No var dagen komen for å få dei til hytta. Anne-Lise stilte opp med den romslege varebilen sin og fekk transportert dei til enden av skogsbilvegen frå Lommedalen. Då var det kun ein lett bereetappe til hytta. Partygjengen stilte opp som berehjelp. Seks stolar vart plasserte rundt bordet i etestova, to ved bordet i peisetova. Det vart veldig bra! Det vanka mykje skryt frå partygjengen. Takk til alle som bidrog. Ekstra takk til Anny som initiativtakar.

I den fine og varme sommarkvelden hadde vi festmåltidet for 8 personar rundt det nye utebordet. Finare ramme rundt eit festmåltid kunne det ikkje bli. Asta og Per Heggen var med på dette selskapet for første gong. Veldig hyggjeleg! Siste timane før soloppgang trekte vi inn til knitrande peisvarme.

På søndag under laaang frukost fekk vi hyggjeleg nordfjordbesøk av Ivar Andenæs, som nokre av oss kjende litt til frå før. Då vart det naturlegvis mykje nordfjordmimring. Ivar er bror til Knut Andenæs, som vi har hatt besøk av på hytta ved fleire tidlegare høve.

Takk for ei strålande helg på Nordfjordhytta!

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©

Ps: Astrid Gjørven, som har vore fast på reke- og osteselskapa i alle år, var sjuk, og kunne derfor dessverre ikkje bli med.

Her er eit par bilde til:
For bildetekst: Før musepeikaren over bildet og trykk på ekspander symbolet Icon Expand #204702 - Free Icons Library nederst i høgre hjørne. Bruk høgrepil/venstrepil for neste/forrige bilde.