Rekeparty på Nordfjordhytta 25. mai 2019

Nokre av den faste partygjengen hadde andre viktige gjeremål denne helga. Vi var derfor ikkje så mange denne gongen, men hadde det som vanleg veldig triveleg. Tradisjonen tru hadde vi betasuppe midt på dagen, med kaffi og kake etterpå på det nye utebordet.
Så vart alle jaga ut for å arbeide litt for maten. Nokre raka og rydda rundt hytta, andre vaska vassbord og vindskier, som var stygge av grønske og svartsopp. Vi oppdaga eit spesielt naturfenomen i ei furu: Eine greina hadde vakse som ei minifuru med rund form (sjå bilde under). Ingen av oss visste kva dette var. Er det nokon som kjenner dette fenomenet, så vil vi gjerne vite.

Ved 8-tida om kvelden var det klart for festmåltidet. Vi hadde håpa å kunne nyte måltidet ute ved det nye bordet. Kjølig vêr og fare for regn sette dessverre stoppar for det. Så vi kosa oss inne med god mat og drikke, levande lys og fyr i omnen.

Etter måltidet tok nokre ei økt med kinasjakk, som har fått sin renesanse på Nordfjordhytta i seinare år.

Takk for ei fin helg i triveleg selskap!

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©

Søndagen kom med sol og behageleg utevêr. Astrid Gjørven, Olav Kvam, Randi Solheim, Ingeborg Fagnastøl.

Naturfenomen? Eine greina i furutreet har vakse som ei minifuru med rund form. Nokon som veit kva dette er?