Rekeparty på Nordfjordhytta 23. mai 2020

Rundt festbordet: Yngvar, Henrik, Randi, Ingeborg, Astrid

Etter mange veker i korona-unntakstilstand kunne vi igjen møtest til tradisjonsrikt rekeselskap. Veret var lunefullt, men første pulje kom seg tørrskodde fram. Sistemann Yngvar fekk byge på seg, men tørka fort i godt og varmt hus og -selskap. Seinare på kvelden vart det uver med lyn og torden. Så vi fekk dessverre heller ikkje i år nytte utebordet til festmåltidet.
Vi var seks personar rundt festbordet. Ikkje ofte vi får med personar som er nye på hytta, men denne gongen var førstereisgut Henrik med. Veldig triveleg besøk og bekjentskap.  Under bordsetet heldt Yngvar djuptpløyande førelesing om veteranbilens historie. For eksempel utviklinga av Ford Model A, Model B, … osv. til Model T, som er mest kjend. Yngvar har sjølv ein heil haug av ulike veteranbilar. Attåt denne åndelege føda hadde vi god og rikeleg føde også for kroppen.
Etter bordsetet var det god drøs til knitrande peisvarme.
Etter den lange og gode frukosten søndag, fekk vi hyggeleg nordfjordbesøk. Mellom dei ein tidlegare nordfjordlagsmedlem (Knut Andenæs).
Nokre rakk også eit par runder kinasjakk før opprydding og heimtur.

Takk for ei fin helg på Nordfjordhytta!

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©

Søndag, og snart klare for heimtur. Ingen sure miner her