Osteselskap på Nordfjordhytta i september

Bursdagsfeiring og redningsaksjon

Dagen derpå med lang frukost. Frå venstre: Ingeborg, Astrid, Olav, Oskar, Valbjørg, Martha, Anne-Lise, Randi. Foto: Dagfinn Aa ©

Helga 21.-22. september gjekk det tradisjonsrike osteselskapet på Nordfjordhytta av stabelen. Strålande ver og jamt sig av partydeltakarar utover laurdagen. Litt dugnadsoppgåver høyrer med for å skjerpe appetitten, mellom anna litt vedhogst. Ingeborg fekk ny oppleving som assistent ved tøming av musefeller.

Som forrett til det store ostemåltidet på kvelden kunne vi nyte nydeleg blautkake som bursdagsbarnet Randi hadde teke med. Kremen vart piska i tynn fjell-luft på Solfjell med god, gamaldags hjulvisp.
Før ostemåltidet fekk vi melding frå Anne-Lise som var på veg til hytta på sykkel. Ho hadde punktert, og var i ferd med å gjere vendereis til fots.

Redningsmannskap vart straks sendt ut og fekk den uheldige syklisten i hus til dekka festmåltid.
Bursdagsbarnet, som i fjor vart råka av høgdesykje, klarte den tynne lufta fint i år, og var naturlegvis kveldens midtpunkt.