Osteparty på Nordfjordhytta 28-29 september 2019

Første pulje fekk eit ofseleg regnver over seg på vegen oppover til hytta.
Regnkle var det litt ymse med, så alle var meir eller mindre våte når dei kom fram til hytta.
Også innhaldet i nokre av sekkane var søkke vått.
Tørkekapasiteten over omnen vart godt utnytta, og etter kvart vart både kle og sengkle tørre.
Regnveret avtok utover kvelden, så dei siste kom seg nokolunde tørrskodde til gards.
Sistemann var eit bortkome får, som vi måtte ut for å hanke inn. Han (Yngvar) var førstegongs besøkande på hytta, og hadde rota litt med vegen.
Så var vi klare for festmåltidet: Ost i mange slag variantar, og rikeleg med både vått og tørt tilbehør.
Vi var ti personar rundt bordet denne kvelden. Martha hadde kome heilt frå Reksta for å vere med på festen.
Seinare på kvelden hadde Anny og Alv Reidar ei overrasking på lur for å markere at Randi nyleg hadde runda 80 unge år.
Overraskinga skulle vere blautkake, men botnen hadde ramla ut (låg att) i bilen i Busoppvegen, så det vart blautkake utan kake.
Det smakte fortreffeleg, men forståeleg nok litt leitt for initiativtakarane.
Vi var ni som overnatta, og fekk med oss lang frukost søndag.

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©

Partygjengen rundt ostebordet: Frå venstre: Ingeborg, Martha, Alv Reidar, Randi, Oddvar, Marit, Anny, Astrid, Yngvar

Pause i Busoppvegen før heimturen. Yngvar, Marit, Ingeborg, Randi, Martha, Astrid