Osteparty med blautkake på Nordfjordhytta i oktober 2017

Etter ostebordet vart det bursdagsmarkering med blautkake for Anny og Alv Reidar. Fra venstre: Anne-Lise, Anna (mor til Anne-Lise), Alv Reidar, Anny, Randi, Marit, Martha, Astrid. Foto: Dagfinn Aa ©

 

Osteselskap med to overraskingar denne helga.

Den første var Anne-Lise som hadde fått med seg mor si (Anna) opp dei bratte bakkane til hytta. Anna (89) gav uttrykk for at turen opp hadde gått greitt. Imponerande! Og veldig triveleg besøk!

Den andre overraskinga var at Alv Reidar hadde med seg blautkake for å markere runde og halvrunde bursdagar for Anny og seg sjølv. Alv Reidar presiserte at kaka var sjølvlaga. Vi andre kunne forsikre at ho også var knakande god.

Tekst: Dagfinn Aa