Osteparty og open dag på Nordfjordhytta 1-2 oktober 2022

Open dag. Sigurd Tenold Fridtun siktar inn og håpar på fulltreff

Tradisjonelt osteselskap med masse godsaker på ostefatet, som går på kulelager og kan snurrast heilt rundt. Fatet var gåve frå Finn og Solveig då dei flytte til Bodø i 2018. Astrid Fridtun var førstegongsdeltakar på osteselskapet. Veldig triveleg. Denne gongen var vi seks personar i eit langt og triveleg bordsete til knitrande peisvarme og regnet som piska på ruta.

På søndag var det open dag på hytta etter initiativ av Astrid Fridtun, og planlegging og gjennomføring av ein komité som bestod av Astrid, Torkjell og Dagfinn. Sju personar tok turen denne dagen, herav fem ungdomar. Veldig bra! Nokre hadde vore på hytta som born. Programmet for dagen var nokså laust med kaffi/kakeøkt (inkl. Nordfjordlefse), litt historie om Nordfjordhyttene og ei uhøgtidleg hesteskotevling. Takk til komitéen, og særskild takk til initiativtakar Astrid.

Tekst: Dagfinn Aa
Foto: Astrid Fridtun (AF) © og Dagfinn Aa ©