Oppstart etter pandemien 24.8 2021

Det var hyggjeleg å sjå kvarandre igjen etter eitt og eit halvt år koronadansepause. Styret hadde gjort det triveleg med god mat (gryterett og kake/kaffi). Litt over 20 personar hadde møtt fram. Masse prat og litt dans til musikk av ringen si faste spelekvinne Solvor, med assistanse av Bjørg på fløyte.
Olav, som runda 90 unge år tidlegare i år, vart heidra med bursdagssang.

Under nokre bilde frå kvelden.
Foto: Tone Eid © og Berit Stenmark ©