Nordfjordhytta

Nordfjordhytta

Nordfjordhytta ligg på Eineåsen rett ovanfor Rykkinn i Bærum. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store delar av Bærum og Oslofjorden.
Her er det flott å nyte sola ein fin sommardag.
Bakom ligg marka og innbyr til turar både sommar og vinter.
Turen til fots opp frå vegen er ikkje lang, men litt bratt.
Det kan vere greitt å rekne med at det tar 30-45 min., avhengig av opp-pakning og kondisjon.

I lagets regi har det blitt tradisjon med rekeparty om våren og osteparty om hausten.

Hytta har 3 soverom, stor hems og romsleg peisestove, spisestove og kjøken. Hytta har ikkje elektrisk straum, men solcellestraum til lys. Gass til koking, og vatn frå bekk i nærleiken av hytta. Overnattingsplass til 20-25 .

For utleige, kontakt:
Dagfinn Aa
dagfinn.aa@online.no

Utsikt frå Nordfjordhytta mot Bærum og Nesoddlandet