Meisterkonserten med Arne Sølvberg februar 2011

Arne Sølvberg med fela heime på Fjelli. FOTO: Inge Fænn ©

Over 80 betalande fekk oppleve meisterkonserten med Arne Sølvberg og Jon Faukstad søndag 6. februar, før folkedansen i Storsalen. Laget ville heidre spelemannen og dansaren Arne Sølvberg med å skipe til konsert i høve tildelinga av Kongens fortenestemedalje i sølv.

Arne spelte og fortalde historier og hendingar knytte til slåttane han framførde, mange av dei sjølvkomponerte i smalefjøset. Den allsidige Arne spelar på mange «strenger», no brukte han både fløyte, eit munnspel etter far sin, utanom harding- og flatfele.

Ikkje berre spelet, men dansen har Arne, saman med kona Asbjørg og etter kvart dei tre borna deira, teke vare på og formidla vidare på ein framifrå måte. No fekk vi sjå flotte døme på det. Arne spelte, Asbjørg og sonen Audun dansa, så overtok Audun fela og Arne og kona dansa. At dei alle tre er A-dansarar, var ikkje vanskeleg å sjå.

Det store publikummet fekk ein interessant og givande time, den skulle berre vart lenger – som fleire uttrykte det etter konserten. Mange vart verande etterpå og drakk kaffi, åt vafler og prata.

Tekst: Anny Sollid og Alv Reidar  Dale