Kurshelg på Klækken Hotell 1.-3. oktober 2011

Ringen har langt bakover hatt tradisjon med ei kurshelg om hausten. Etter mange år på Spigerverksarbeidernes feriehjem i Enebakk, har dei siste åra vore lagd til Klækken hotell på Ringerike. Viktig for dette opplegget er og det sosiale samværet gjennom ei heil helg. Nytt av året var at vi samarbeidde med Folkedanslaget Symra og Romerike turdanslag om kurs. Det vart og sendt ut innbyding til folkedansmiliøa i Austlandsområdet.

Vi fekk leigd tre salar som det gjekk kurs i parallellt: Vestlandsspringar, vals/reinlendervariantar, polskor (Bingsjø og Boda), turdans, songdans, stildans og menuett frå Oravais. Så tilbodet var breitt. Romerike Turdanslag stod for stildansen med Per Kjenner som instruktør, ringen vår Vestlandsspringar og polskor med Dagfinn og Marit som instruktørar. Symra for dei andre kursa med Vebjørn og Inger Frøydis Bakken og Dag Evensen som instruktørar.

Kursa starta laurdag kl. 10.00, men det var høve til sosialt samvær fredagskvelden med middag kl. 19.30, deretter dans og prat for den som hadde lyst.

Pga. start på haustferie for skulane og vegarbeid på strekninga Sollihøgda-Sundvollen, vart reisetida dobla for oss som reiste den vegen. Så sjølv om vi hadde rekna god tid, vart det hektisk aktivitet for å få fortalt at vi ikkje nådde fram til middågen kl. 19.30, men vi var ikkje åleine om det. Med eit fleksibelt kjøkken, vart middagen utsett ein halvtime.

Det vart ei vellukka kurshelg med til saman rundt 80 deltakarar, og vi håper at dette samarbeidet kan halde fram, og bli ein tradisjon. Vi treng samarbeid på tvers av ringane. I tillegg til arrangørlaga sine medlemer var der deltakarar frå Rakne og Hordaringen.

Referent: Randi Solheim

Her er nokre bilde. Foto: Randi Solheim ©