Koronaøving 3. november 2020 kl. 19.00
Etter eit halvt år dansepause, er det naturleg nok fleire som saknar dansen og miljøet rundt, og håpa vi kunne starte opp med ei eller annan form for dans i haust.
Denne kvelden vil Alix Cordray, som kanskje er den som har eksperimentert mest med koronadansar, vise nokre eksempel som ho trur kan passe i Sogn og Fjordaneringen. Solvor spelar til.
Opplegget for kvelden vil bli omlag slik:
Ein time dans med Alix, så prate- og diskusjonspause om eventuell aktivitet vidare i haust og utover vinteren. Eventuelt ei lita danseøkt etter pausen.
Alle forstår at dans er utfordrande innanfor gjeldande smittevernreglar, spesielt 1m avstand mellom dansarane (gjeld ikkje personar innan same husstand). Andre ringar har likevel vist at det er mogleg viss interessa er der. Denne kvelden ønskjer vi å finne ut kor stor interessa er.
Velkomen til ein annleis øvingskveld!
