Juleavslutning 5. desember 2017

Tradisjonell juleavslutning med gløgg, graut, kaffi og kaker, dans og god stemning. Godt frammøte. Ekstra gildt var det å sjå fleire som vi ikkje ser så ofte på tysdagskveldane. Stor takk til komitéen (sjå bilettekst under), som hadde laga det så fint til for at vi alle skulle få ein triveleg førjulskveld. Nokre utvalde vart takka av leiar Finn med blomstergåvekort for innsatsen i 2017. Spesielt hyggeleg var det at Anne-Lise vart takka for at ho i fleire år har invitert til etterpå-lag etter dansinga 17. mai.
Musikken sytte som vanleg Solvor for. For anledninga forsterka med Edvin Øen på toradar. Broderringen og kvelden vart høgtideleg avslutta med Deilig er jorden.

Her er nokre bilete:
Tekst og foto: Dagfinn Aa ©