Juleavslutning 11. desember 2018

Tradisjonell juleavslutning med gløgg, graut, kaffi og «verdens beste» kake, dans og god stemning. Godt frammøte (ca. 35). Ekstra gildt var det å sjå fleire som vi ikkje ser så ofte på tysdagskveldane. Stor takk til komitéen (sjå bilde og bildetekst under), som hadde laga det så fint til for at vi alle skulle få ein triveleg førjulskveld.

Etter nokre års fråvær, hadde komitéen i år tatt opp igjen tradisjonen med quiz, med bordvis lagdeling. Her var det meir enn nok å bryne seg på, med m.a «Hvilket dyr er man redd for hvis man har bovinofobia?» og «hvor mye sover en ku pr. døgn?». Interessant og engasjerande.

Marit leia dansen, som var prega av latter og glede. Musikken sytte som vanleg Solvor for. For anledninga forsterka med Terje Amundsen på trekkspel.

Under kaffipausen takka leiar Ingjerd for året som har gått, og ønskte alle ei god jul.

Foto ©: Tone Eid, Dagfinn Aa