Rekeparty på Nordfjordhytta 8. juni 2018

Nokre av partygjengen samla rundt rekebordet: Astrid, Anny, Alv Reidar, Randi, Solvor (førstegongsbesøk), Oddvar

Det var denne sommaren då heten hadde bite seg fast på øvre halvdel av 20-talet på gradestokken. Slik var det også denne kvelden då 8 partyglade personar hadde funne vegen til Solfjell. Litt ut i måltidet dukka jammen også den niande opp. Det var vår faste spelekvinne i Ringen, Solvor, som var her for første gong. Ho hadde prøvd seg for eit par år sidan, men rota seg bort. Veldig hyggeleg at ho denne gongen fann fram, og tok del i det trivelege selskapet.
Måltidet vart avslutta med eit heftig språk-/dialektordskifte.

Etter ein liten etepause etter rekemåltidet, overraska Anny med bursdagskake til Astrid, som runda åtti unge år 18. mai.
Nokre gjekk nedatt på natta. Den harde kjerne heldt det gåande med god prat til sola var på veg opp igjen i halv firetida.
Etter ein hete- og tørkeperiode på fem veker, skulle ein tru at bekken var tørr. Men utruleg nok var der både nok og godt vatn.

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©