Osteparty på Nordfjordhytta 29. september 2012

Med reising av ny flaggstong

Tradisjonen tru frå den seinare tid var det bedt inn til ostekveld på Nordfjordhytta siste helga i september.

I år vart ei sjeldan (får vi håpe) hending lagt til same helg – den nye flaggstonga skulle reisast.

For eit par år sidan vart flaggstonga teken ned for å få byte kula på toppen. Då viste det seg at stonga var opprotna, og måtte bytast ut. På hyttetomta vår veks det ein del flotte, ranke furer som kunne høve godt til flaggstongemne, og det var ikkje vanskeleg å finne eit godt emne til stong. Treet vart felt, kvista og borka – og hengt til turk under takrafta på uthuset. Der fekk den hanga i godt eit år, før finarbeidet vart fullført og avslutta med måling.

Dagfinn Aa og Oddvar Bjordal har hatt hovudansvar for arbeidet med flaggstonga.

Laurdagsmorgon såg ikkje veret altfor bra ut, men Astrid fekk full bil utover til Rykkinn. Skyene forsvann litt om senn, vi tok det med ro opp dei bratte bakkane til hytta, og vart stogga fleire gonger på vegen oppover med spørsmål om vi skulle til den velhaldne fine hytta som låg på toppen der det låg ei flaggstong klar til reising. Vi lika sjølvsagt den fine omtalen av hytta.

Etter god førebuing vart stonga reist utan problem av noko slag, det leid så langt på dag at det var vimpelen som vart heist til topps, vinden var litt sur, men den gjorde susen med vimpelen som folda seg fint ut.

Etter stongreisinga gjorde det godt med ost, kjeks og diverse tilbehør. Drøsen gjekk ut i dei små timar, månen skein frå ein blå himmel, og alt var berre godt. Vi var sju ved kveldsbordet. Frukosten vart ikkje bråtidleg, men lang som vanleg.
Ei triveleg helg på hytta.

Tekst: Randi Solheim
Foto: Randi Solheim
©, Dagfinn Aa ©