Osteselskap på Nordfjordhytta 25. september

Det tradisjonelle rekeselskapet vi har hatt på Nordfjordhytta kvar vår og haust i mange år, var denne gongen erstatta med osteselskap. Tilbodet fall i smak hos både leiar og nestleiar i laget, som begge var med og kasta glans over kvelden.
Vi var ikkje så mange denne gongen, men hadde det veldig triveleg med masse god ost og rikeleg av både vått og tørt tilbehør. Og masse god prat. Dessverre vart Randi råka av høgdesykje, og måtte legge seg nedpå medan vi andre kunne nyte av bordets godsaker. Heldigvis rakna ho til i løpet av natta.

Tekst og foto: Dagfinn Aa ©