MINNER FRÅ NORDLEIK i Steinkjer 10. – 15. juli 2012

Deltakarar frå Grønland. Foto: Tone Eid ©

Nordleik er eit nordisk folkedans- og folkemusikkstemne som blir arrangert kvart tredje år i Danmark, Sverige, Finland og Norge.

Færøyane og Island er også med, men dei kan ikkje ta ansvar sjølve for eit så stort arrangement. I Steinkjer var også Grønland representert med ei gruppe.

Steinkjer BUL var arrangør og innfridde med glans. Eit stort program med mange alternativ. Det som er spesielt med Nordleik er alle utfluktene slik at vi skal oppleve det landet vi er i. Kvart land arrangerer konsertar og kurs i eigen dans og musikk. Til dømes vart Trøndelag sin store spelemann Hilmar Alexandersen heidra med eit teaterstykke om spelemannen sitt liv.

Frå Sogn og Fjordaneringen var vi 10 som deltok. Randi Solheim bestilte husrom og elles ordna kvar enkelt med reise og bestilling av billettar. På avsluttingsseremonien inviterte Danmark til neste Nordleik i 2015.

I 2012 kom også Grønland med i dette flotte Nordiske samarbeidet.

Helsing Tone Eid