Øvingskveldane er opne for alle som vil danse folkedans. Kom gjerne åleine.
Vi har både turdans, songdans, bygdedans og gammaldans på programmet.
Og ein del dansar frå dei andre nordiske landa.
Dansepengar: kr 20. pr. kveld
I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein halvtime kaffi- og pratepause.
Dei vanlege øvingane i vårhalvåret tar til i starten av januar, og held på til litt ut i juni. Hausthalvåret går frå slutten av august til litt ut i desember.
Vi øver i Halli, Nordahl Brunsgate 22 i Oslo
Øvingstid: Kl. 19.00 – 21.45
Velkomen single og par til lærerik og sosial folkedansaktivitet!