Bygdelagsstemnet

Søndag 29. mai 2011 på Norsk folkemuseum på Bygdøy

Både små og store born imponerte stort. Foto: Svein Aasen ©

Folkedansarar i alle aldrar inntok Folkemuseet denne mai-søndagen og synte ein del av breidda til aktivitetane i Bygdelagssamskipnaden. Det var ei tid usikkert om det vart stemne, men deltakinga var god når ein først var i gang. Det starta som vanleg med stemnetog fram til Festplassen, der Marianne Dahl frå samskipnade ønskte velkommen. Programmet var rikhaldig. Barnelaget i BLS stilte med mange aldersgrupper, og born frå Steinerskulen frå Nordstrand spela fiolin og dansa bl.a. halling. Også meir moderne rytmar og dans var det plass til.

Medlemmar i Sogn og Fjordane-ringen på veg i stemnetoget fram til Festplassen. Tone Eid bar fana. Foto: Svein Aasen ©

Etter programmet på Festplassen dansa dei ulike ringane kring om i tuna. Her er det Sogn og Fjordaneringen. Foto: Agnar Kvellestad ©