55-årsjubileum for Nordfjordhytta 2015

Strålande ver over Solfjell og 14 jubileumsstemte deltakarar. Finare råme kunne det knappast bli når hytta skulle feirast med sine 55 år sidan ho stod ferdig. Med flagget til topps, rømmegraut, kaffi og kaker vart det ei flott markering. Også ved denne markeringa var vi så heldige å ha med oss ein av dei som var med på bygginga i 1958-60: Åge Sunde.

Også laget stilte med sine fremste tillitsvalde: Anny Sollid og Alv Reidar Dale. Dei hadde med seg ei flott jubileumsgåve: eit hytteskilt laga av sogningen Jens Brekke av eit fint seljeemne. Plassering av skiltet (over hovuddøra) vart bestemt i plenum av jubileumsdeltakarane, og skrudd opp med det same.

Takk til initiativtakarane, Astrid Gjørven og Dagfinn Aa, for eit fint arrangement på hytta.

Tekst: Dagfinn Aa

Nokre bilete frå feiringa:
Foto ©: Randi Solheim, Dagfinn Aa