17. mai 2012

Gruppebilde etter dansinga på Solberg. Framme frå venstre: Solveig Næss, Svein Aasen, Wei Chen (med blomebukett). Bak: Astrid Gjørven, Solvor Sundsbø, Per Rinde, Berit Aamodt, Olav Kvam, Anne-Lise Berggren, Finn Stafsnes, Eldbjørg Stensrud, Kjell Stensrud, Tone Eid.

Sogn og Fjordaneringen stilte opp med underhaldning på sjukehus og sjukeheimar i Bærum som ringen har gjort i over 50 år. Med tolv dansarar og Solvor som spelte, vart det 17. mai stemning for bebuarane og tilsette. Dagfinn kunne ikkje være med, og vi fann fort ut at vi sakna han, spesielt i songdansen. Veret var ganske bra, men kaldt. Ved Mariehaven bo- og behandlingssenter sat alle ute på terrassen og fraus, så vi spurte om å få danse inne for bebuarane si skyld.

På Martina Hansens Hospital dansa vi i både 2. og 3. etasje, og som vanleg fekk vi velsmakande marsipankake og kaffi etterpå. Ingvard Helland takka oss høgtidleg for underhaldninga.

På Spesialsjukehuset for epilepsi, takka Tor Arne Hjelmseth for underhaldninga, og ga ein blomsterbukett til ein utvald. I år vart det Wei.

Det vart ein trivelig 17. mai også i år!

Tekst og foto: Tone Eid ©