Avreise frå Sentralstasjonen om morgonen fredag 25. juni med innleigd buss. Innlosjering i Rättvik, heilt nede ved sjøen Siljan, like ved den gamle kyrkja.
I Boda var det prosesjon med alt som stangen skulle "majes" med, opp til gammelgården.
På tunet på Boda gammelgård vart stangen pynta og reist.
Boda spelmannslag spela til dans på "logen", både polskor og meir tradisjonell gammaldans.
Laurdag var det tur, med stans i Bingsjö,
før turen gikk til Carl Larssongården med omvising i bustaden hans der mange av maleria hans var utstilte.
Deretter var det omvising i Falun koppargruvar før middag og ny dans på Boda hembygdsgård.
Søndag var det retur med Hogne som bussjåfør, etter ein svært vellykka tur arrangert av Bo.