Ingeborg melder at ho har fått berre positive tilbakemeldingar frå deltagarane på seminaret som vart halde siste helga i september.
Det var eit variert innhald på seminaret - turdansar i ulike variantar, mellom anna Trekarspolska, Lanciers og valsevariantar. Per hadde fått med seg den dugande spelemannen i Hunar, Martin på trekkspel, og det gjorde at instruksjonen gjekk smidigare.
Seminaret starta laurdag morgon og varte til kl. 18. Så var det middag og dans om kvelden. Søndag var det repitisjon av det som vart gjennomgått laurdag.
Det var 28 deltakarar medrekna spelemannen Martin og instruktørane Dagfinn, Per, Siri, Vebjørn og Inger Frøydis.