Sogn og Fjordaneringen - hovudside
Hovudside
Aktivitetskalender
Tysdagsdans
Kurs
Hytter
Lenker
Om oss

     

 

Medlem i Sogn og Fjordaneringen

Medlemer i Sogn og Fjordaneringen blir normalt også medlemer i Sogn og Fjordanelaget og dermed også i Noregs Ungdomslag (NU). Medlemskontingenten er i 2012 kr. 650.

Dei som er medlemer i andre lag tilslutta NU får kr. 350 i rabatt,
men blir då ikkje medlem i Sogn og Fjordanelaget. 

Som medlem av ringen får du:

  • triveleg tysdagsdans kvar veke vår og haust
  • svært rimelege kurs i ringens regi
  • avslag i prisen på folkedanskveldane i BLS

Som medlem av laget får du:

  • avslag i bilettprisen på laget sine tilskipingar
  • høve til å nytte lagshyttane til svært rimelege prisar
  • lagsbladet i Sogn og Fjordanelaget; Tre Fjordar

Som medlem av NU får du rabattar:

  • på alle Best Western hotell, m.a. Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen i Bergen
  • Quality Hotell Saga i Tromsø
  • 10 % rabatt på kaffistover og Heimen husflid i Oslo
  • 20 % rabatt på bilettprisane på Det Norske Teatret og på Riksteateret 
  • medlemsbladet i NU; Norsk Ungdom

Du kan melde deg inn ved å sende e-post til styret: styret@sognogfjordaneringen.no
der du oppgjev namn, adresse, telefon (mobil) og e-postadresse. 
Kontingenten kan betalast til konto 0532.11.8447.   Merk innbetalinga med "kontingent" og ditt namn. 

Styringsføresegner
for Sogn og Fjordaneringen i Oslo
kan du lese her

Vi har holdt på
meir enn 50 år med leik og dans.