Velkommen til Sogn og Fjordaneringen

Vi er ein leikarring i Oslo som har dansekveldar ein gong i veka. Med ujamne mellomrom har vi ulike kurs og andre aktivitetar, og ein gong i året reiser leikarringen på tur.
Dei fleste former for norsk folkedans står på programmet til leikarringen: Bygdedans, gammaldans, songdans, turdans og stildans.
Leikarringen vår skal særleg ta vare på dansetradisjoner frå Sogn og Fjordane.
Vi har vore heldige og fått tak i svært gode krefter til å rettleie og til å syte for musikk til dansen i leikarringen.
Kom og dans med oss på tysdagar!